Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 10 oppslagsord

maken

adjektiv

Tyding og bruk

heilt lik
Døme
  • kjolen din er maken til min;
  • vi har make orgel heime

make 1

substantiv hankjønn

Opphav

norrønt maki, substantivert av eit adjektiv ‘som høver saman’; jamfør mak (2

Tyding og bruk

  1. den eine av eit par personar eller dyr;
    jamfør ektemake
    Døme
    • finne seg ein make
  2. den eine av to ting som høyrer saman
    Døme
    • desse skoa er ikkje makar;
    • eg må prøve å finne maken til knappen eg mista
  3. Døme
    • hennar make finst ikkje;
    • det finst ikkje maken til jentunge

Faste uttrykk

  • krake søkjer make
    to likesinna finn gjerne i hop
  • maken til ...
    brukt for å gje uttrykk for kjensler og meiningar
    • maken til arrogant haldning til miljøet!
  • sett/høyrt på maken!
    brukt for å uttrykkje undring
    • no har eg aldri høyrt på maken!

maken til ...

Tyding og bruk

brukt for å gje uttrykk for kjensler og meiningar;
Sjå: make
Døme
  • maken til arrogant haldning til miljøet!

nokon gong

Tyding og bruk

Sjå: nokon
  1. ein eller annan gong;
    nokosinne
    Døme
    • har du vore der nokon gong?
  2. brukt i uttrykk for jamføring og forsterking
    Døme
    • beste resultat nokon gong;
    • har du nokon gong sett maken?

nokon

determinativ kvantor

Opphav

norrønt nǫkkurr, samandrege av urnordisk ne-wait-ek-hwarjar ‘ikkje veit eg kven’

Tyding og bruk

  1. ein eller annan, eit eller anna;
    ein viss, einkvan;
    somme, visse
    Døme
    • det er nokon som spør etter deg;
    • det er noko i vegen med bilen;
    • er det nokon kiosk i nærleiken?
    • treng du noka ny skjorte?
    • finst det noko svar?
    • har du vore der nokon gong?
    • du må ikkje gå nokon stad!
    • eg har ikkje høyrt nokon ting;
    • har du nokon som helst grunn til å klage?
    • det hende meg noko underleg i går;
    • dei kjøpte nokre pærer;
    • du kan få nokre få;
    • nokre var samde, andre protesterte;
    • såg du nokon sauer? Nei, eg såg ikkje nokon
  2. kven som helst (annan);
    kvar ein;
    alle
    Døme
    • ho syng så godt som nokon;
    • ho arbeidde hardare enn nokon mann
  3. om mengd, omfang, tal, grad eller liknande: ein del, litt;
    atskilleg, monaleg
    Døme
    • i nokon grad;
    • er 50 år nokon alder?
    • kjøpe noko pærer;
    • ha noko pengar;
    • ein noko eldre bil;
    • det er ikkje noko att av kaka;
    • kva er dette for noko?
    • noko rart noko;
    • det er da enda noko;
    • det hjelpte nok noko;
    • ho er ikkje noko tess;
    • stakken er noko for sid;
    • har du sett noko til han?
  4. brukt i utrop med ‘for’
    Døme
    • for noko tull!
    • for nokre bilar dei har!

Faste uttrykk

  • det er noko med alt
    ingen ting er utan lyte
  • ikkje bli noko av
    ikkje hende;
    ikkje bli gjennomført
    • festen vart ikkje noko av
  • ikkje nokon
    ingen
  • noko av ein
    langt på veg ein;
    ein nokså stor
    • han var noko av ein luring;
    • det er noko av eit mirakel at desse landa aldri har vore i krig med kvarandre
  • noko til
    litt av ein;
    ein retteleg
    • vere noko til kar
  • nokon ein
    ein eller annan
  • nokon gong
    • ein eller annan gong;
      nokosinne
      • har du vore der nokon gong?
    • brukt i uttrykk for jamføring og forsterking
      • beste resultat nokon gong;
      • har du nokon gong sett maken?
  • nokon kvar
    alle, dei fleste
    • slikt kunne hende nokon kvar
  • vere noko i noko
    vere til dels rett
    • er det noko i det dei seier?
  • vere noko
    ha ein viktig eller sentral sosial posisjon
    • alle som er noko i musikkbransjen, kom på hagefesten

sett/høyrt på maken!

Tyding og bruk

brukt for å uttrykkje undring;
Sjå: make
Døme
  • no har eg aldri høyrt på maken!

høyre

høyra

verb

Opphav

norrønt heyra

Tyding og bruk

  1. oppfatte lyd;
    sanse med høyrsla
    Døme
    • høyre dårleg;
    • høyre ein lyd;
    • høyre ein stemme;
    • høyre naboen kome;
    • høyre kva ein seier
  2. få vite, bli fortalt;
    frette, røyne
    Døme
    • høyre nytt;
    • eg høyrer du har kjøpt bil;
    • har du høyrt maken!
    • der kan du høyre;
    • eg skal høyre om toget er i rute
  3. høyre med full merksemd;
    Døme
    • høyre på radio;
    • høyre på musikk;
    • sitje og høyre på ei historie;
    • høyr kva eg seier!
    • nei, høyr no her!
  4. innrette seg etter rådet eller oppfordringa til nokon
    Døme
    • når skal de høyre?
    • eg har prøvd å snakke til henne, men ho vil ikkje høyre
  5. spørje ut;
    Døme
    • bli høyrd i leksa
  6. i jus: la nokon få formidle si side av saka;
    jamfør høyring
    Døme
    • høyre båe partar i rettssaka;
    • mange instansar vart høyrde i samband med utgreiinga

Faste uttrykk

  • høyre etter
    lyde etter;
    lytte merksamt
    • høyre etter når nokon snakkar
  • høyre frå
    bli kontakta av;
    få bod frå
    • vente på å høyre frå nokon;
    • eg høyrde frå dei for nokre dagar sidan
  • høyre heime
    • ha opphavet sitt eller heimstaden sin
      • deltakarane høyrer heime i Fyresdal
    • ha plassen sin;
      passe inn
      • låta høyrer heime i rocken;
      • det høyrer ingen stad heime
  • høyre hit
    ha rette plassen sin her, i denne samanhengen
    • av forfattarar som høyrer hit, kan ein nemne Undset
  • høyre inn under
    bli omfatta av, bli rekna til
    • området høyrer inn under ansvaret til politiet
  • høyre innom
    ta ein tur innom
  • høyre med
    vere knytt til;
    vere viktig å ha med
    • litt vin høyrer med;
    • det høyrer med til historia at det berre var eit uhell
  • høyre noko til
    høyre nytt eller tale om einkvan
    • høyrer du noko til sonen din?
  • høyre om
    få vite om;
    erfare (2)
    • det har eg aldri høyrt om;
    • det var det første eg høyrde om saka
  • høyre saman
    danne ein heilskap;
    passe saman
    • høyre saman med nokon;
    • jakka høyrer saman med buksa
  • høyre til
    • vere ått av;
      vere del av, bli rekna med til;
      tilhøyre
      • brødet høyrer til måltidet;
      • det høyrer framtida til;
      • det høyrer til alderen
    • passe inn, i hop
      • ha ein stad å høyre til;
      • eg høyrer ikkje til i det miljøet
  • la høyre frå seg
    seie ifrå, gje beskjed;
    gje lyd frå seg
    • ho har ikkje late høyre frå seg på ei stund

utvald

adjektiv

Tyding og bruk

som er plukka ut (spesielt)
Døme
  • be nokre få utvalde (gjester);
  • Guds utvalde folkbrukt om jødane;
  • min utvaldekjærasten min, maken min

sjå 2

verb

Opphav

norrønt sjá; jamfør sett (4

Tyding og bruk

  1. oppfatte med auga;
    leggje merke til;
    bli var
    Døme
    • sjå ein samanstøyt mellom to bilar;
    • sjå nokon kome;
    • sjå at nokon kjem;
    • kan du sjå hunden der borte?
    • brått såg eg noko på vegen framfor meg;
    • ikkje sjå snurten av ein;
    • ikkje sjå handa framfor seg;
    • sjå flisa i auget åt bror sinMatt 7,3
  2. vende blikket mot;
    Døme
    • sjå der, no regnar det;
    • sjå ein film, ei utstilling;
    • sjå ei sak frå begge sider;
    • sjå i avisa
    • vitje
      • sjå innom (til) ein;
      • sjå opp!pass på, ver på vakt!
      • sitje roleg og sjå påberre sitje passiv;
      • har du sett på maken?
    • granske, undersøke
      • vil du sjå på denne motoren?
  3. få lære, oppleve, vite;
    Døme
    • den som lever, får sjå;
    • vi får sjå korleis det går;
    • det er noko ein sjeldan serer vitne til;
    • du skal sjå det går nok bra
    • tenkje etter, fundere
      • la meg sjå, det er femten år sidan
    • innsjå, skjøne
      • der ser du korleis det går;
      • så langt eg kan sjå, skulle det gå bra;
      • ho er rik, ser du
    • vilje (2, ynske
      • eg ser helst at du går;
      • ikkje sjå på prisenikkje bry seg om prisen
  4. om utsjånad: gje inntrykk av, likjast
    Døme
    • å sjå til er han ein kraftkar
  5. refleksivt:
    Døme
    • sjå framfor seg;
    • sjå seg tid tilha tid til
  6. i uttrykk med partikkel

Faste uttrykk

  • ikkje sjå ut
    vere fæl, underleg å sjå på
  • sjå att
    møtast på nytt, finne att
  • sjå bort ifrå
    òg: ikkje rekne med
  • sjå etter
    passe på (barna);
    leite etter (noko);
    undersøkje
    • sjå etter om nokon er heime
  • sjå fram til
    glede seg til
  • sjå gjennom
    lese fort (i ei bok, dokument)
  • sjå godt ut
    ha ein god utsjånad, verke frisk, i form
  • sjå i auga
    godta;
    vedgå
  • sjå kvarandre
    òg: møtast
  • sjå ned på
    òg: vanvørde
  • sjå opp til
    òg: setje høgt, dyrke (2
  • sjå seg føre
    gå varsamt, passe seg
  • sjå seg i stand til
    rekne seg skikka til
  • sjå seg om
    kike rundt seg; reise rundt og gjere seg kjend
  • sjå seg rundt etter
    leite etter (noko)
  • sjå seg råd til
    ha høve el råd til
  • sjå til
    syte for, passe på
    • sjå til dyra;
    • sjå til at gjestene får mat;
    • sjå til at noko går i orden
  • sjå ut
    verke, gje inntrykk av;
    òg: velje ut, plukke ut
    • det ser ut som vi kan dra no;
    • sjå ut kandidatar til oppdraget
  • sjå vekk frå
    òg: ikkje rekne med eller ta omsyn til;
    sjå bort frå

sidestykke

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

  1. stykke som utgjer sida i noko
    Døme
    • sidestykket på ein sofa
  2. noko som er jamgodt med noko anna
    Døme
    • ei bragd utan sidestykkeei bragd som det ikkje finst maken til